Mine opplevelser frå ESSKA i Milano mai -24
Heldig var eg som vant artroskopiforeningens LIS-reisestipend på vintermøtet i år. Eg brukte det til ein internasjonal kongress, nærare bestemt ESSKA, European Society of Sports Traumatology, Knee Surgery and Arthroscopy. Det blir arrangert annankvart år, og i år arrangert i Milano 8-10 mai, på konferansersenteret Allianz MiCO.
I år var det 4500 deltakarar, med forelesninger på 8 forskjellige salar frå kl 0745-1900. Programmet var stort og variert, og for LIS er det ein veldig fin arena til å få med seg mykje fagleg, samt få eit innblikk i det internasjonale ortopediske miljøet. Det er mange annerkjente namn ein tidlegare har høyrt om, men som eg no har eit ansikt på.
For min del var det interessant med foredraget «My perfect MCL-reconstruction», spesielt med tanke på anteromedial rotasjonsinstabilitet ved skade på dype MCL. Innenfor skulderskopi var det spennende å høyre om «Shoulder instability management using soft tissue stabilisation techniques», og då spesielt å høyre dr.Azevedo snakke om DAS (dynamic anterior stabilization using biceps).
Det blei også litt tid til sosialisering: vi fekk sett litt av Milano sentrum, spist deilig gelato, og lært (eller blitt lurt til) at en tradisjon i Milano er at ein drikk vin av suppeskåler. Det var mange lange middager med gode kollegar, og utruleg stas å treffe gamle kjente, men også bli kjent med heilt nye kollega. Så ESSKA kan anbefalast til andre LIS der ute!
Så, tusen takk for at det blir satt av penger til eit slikt stipend, og til mine LIS-kollegaer: bli med på artroskopiforeningens vintermøte og kanskje du vinn stipend neste år..?:)
Mvh Kari Elise Grimstad